mandag 28. desember 2009

Klar for avreise



Etter lutafisk, julekaker og avskjed med familie og vener i Rosendal, ser eg fram mot fire månader på loffen. Baggen er pakka og alle P'ane er på plass; Pass, Pengar og Pillett. Frå minus 15 i Bærum til pluss 35 i Bangkok.

lørdag 26. desember 2009

50-års krise?



Kanskje er det 50-års krisa som har motivert meg til å prøve noko nytt(?). Eg har alltid likt å driva med sport og idrett derfor må det bli eit fysisk innslag på turen. Detaljplanlegginga er ikkje klar, så mottoet for turen må bli "veien blir til mens eg syklar".