søndag 28. februar 2010

Whitney Houston

Vi var ein gjeng fraa Sydney som reiste opp til vener paa ein kvegfarm nord av Singelton, ca fire timar kjoering fraa Sydney. Dette er "redneck" land i Australia. Store firhjulstrekkarar, hestar, kveg, kenguruar og cowboyar. Her oppe var det boelgande beiteland saa langt auga kunne sjaa, flott landskap. Garden vi campa paa hadde ca 1000 beitedyr!! Dette hadde vore noko for deg Torkjell! Her var det telting, grilling, bading i badebassenget og 4WD-kjoeretur rundt paa den fantastiske garden.

Hovedattraksjonen var konsert med Witney Houston i Hunter Valley laurdagen. Hunter Valley ligg ein liten times koering unna og er ein av dei stoerste vindistrikta i Australia. Konserten vart halden paa Hope vinfarm. Vi var ca 20.000 innanfor portane for aa hoeyra Whitney syngja for oss. Ho har tapt seg sidan glansperioden paa 80-talet, men opplevelsen var flott. Vi kjoepte picnic-korg med mat og vin fraa vinfarmen, fullmaane og god stemning.
I morgon ventar eg besoek av min gode ven; Egil "Karbon-Karlsen", det gleder eg meg til!

tirsdag 23. februar 2010

New Zealand

Eg er no tilbake i Sydney etter 10 fine dagar paa New Zealand. Eg flaug med Lan Chile, A340, over til Auckland 14. feb. Auckland er ein fin by, 1.4 mill. innbyggjarar, stor flott havn, saag den stoerste einmastra seglaren eg har sett, 190 ft!
Eg vart invitert paa fisketur med kjente av kollektiv-veninna mi, vi fiska med stong fraa stranda med ankersoekke. Ikkje bet, men Stefan hadde fisk med paa fisketur, vi varmroeykte laksen paa beachen, nydeleg. Sanden var svart, gamal lava, flott opplevelse.
Vest av Auckland ligg ei 90kvkm stor oey; Waiheke, 40 min fergetur, ferie- og vinproduksjon er hovednaeringa. Hadde to flotte dagar med kajaktur, vinsmaking og bading paa holmen.
NZ er stoerre enn eg trudde..., leigde bil, sette kursen mot hovedstaden Wellington. 9 timar bak rattet foer eg var syd paa den Nordlige oeya.
Mellom Nord- og Soeroeya gaar det store ferger, type Hurtigruta, det tok 3 timar over til Picton. Store boelger i deler av overfarten, nokre pax maatte mata krabben. Hadde to mindre fjellturar i Mt Richmond nat. park, Flott natur, liknar Norge paa mange maatar, men vegitasjonen er ulik. Eit av dei beste (det beste ?) vindistrikta paa NZ heiter Marlborough . Eg var innom to av dei flottaste vingardane for aa smaka paa dei foredla druene, "divine", som dei seier paa spraaket her nede.
Eg moette 6 ungdommar fraa Smaaland (Sverige) paa ein Irsk bar i Picton siste kvelden. Live music, dram og oel, fuktig .. Ungdomane jobba paa store farmar paa Nordoeya. Tilbake paa Nordoeya overnatta eg hos vener av familien min, eit eldre ektepar, kona er fraa Stavanger og han er Kiwi, serdeles trivelig, dei hadde brunost paa frukostbodet!
Neste dag; full pedall nordover paa fine vegar til Auckland. Tirsdag 23. passerte eg det Tasmanske hav med Jet Star, A320.

onsdag 10. februar 2010

Katoomba

To timars togtur vest av Sydney ligg den uoffisielle hovedstaden for The Blue Mountains, Katoomba. Byen ligg paa 1000 moh og har nesten 10.000 innbyggjarar. Eg har i dag hatt meg ein 5 timars tur paa beina i tett regnskog og hoegt oppe langs kanten paa stupbratte fjellsider, mektig natur! Starta turen med ei "dingla" over eit juv, deretter ned ei fjellside med ein Floeybane-liknande tog. Etter ein fin runde i regnskogen og rundt nedlagte gruver, tok eg ein Ulrikken-liknande taubane opp att til kanten paa fjellkjeda. Det luktar herlig Eukalyptus i heile omraadet. Denne spesielle blaa Eukalyptusen dampar ut ein blaalig gass, derfor The Blue Mountains. Ein annan forklaring er det vi heime kallar "bak sju blaaner". Dersom veret er klart vil fjell langt borte faa eit blaaskjaer pga refleksjon av atmosfaeren. Eg var baade sliten og toerst daa eg kom tilbake til Motellet, Tre Soestre, daa smaka to oel vidunderleg. Etter ein ny fottur i morgon reiser eg tilbake til Sydney. Eg skal "heim" for aa skriva ferdig ein artikkel for Sykkelmagasinet, fraa sykkelturen i Thailand. Flyr vidare til New Zealand paa soendag ...

mandag 1. februar 2010

Bangkok til Sydney



Laurdag kveld 23.jan. landa eg på Kingsford Smith Airport, Sydney. På hotellet venta min gode ven Espen, han var i Sydney i embets medfør. Dei neste dagane rusla vi rundt i den vakraste byen i verda (?). Operahuset ligg midt i havna og i bykjernen, den er eit fantastisk flott landemerke. Vi tok ferja ut til Manly Beach, ikkje så kjent som Bondi Beach, men like fin. Sjølv med back packers budget tok vi oss råd til nokre gode restaurantbesøk.
Det er lett å koma i kontakt med dei lokale. Australia hadde nationaldag den 26. jan., då vart vi invitert på Aussie Barbeque saman med nokre aussiar vi traff kvelden før.

No har eg kjøpt sykkel, ein hybridsykkel med demping framme. Eg har hatt to flotte sykkelturar i Sydney og omliggjande utkantstøk. I går var eg innom Bondi Beach og tok meg ein iskaffi, sykla så vidare ut til Watson Bay der eg hadde lunch.
Etter eit par netter på hotell, leiger eg no eit rom i eit kollektiv, oppå eit treningsstudio i utkanten av byen.
Eg innhentar info for vidare reiserute, landet er stort og råda eg får er like mange som dei eg snakkar med. Så fylg med i neste kapittel!