onsdag 20. januar 2010

Cycling across Thailand



Naturen, folket, lukter, lydar, maten og ein flott gjeng syklistar som eg har lært å kjenna har gjort denne sykkelturen til ei fantastisk opplevelse.
Vi var 10 forventningsfulle deltakarar som møtte til briefing i Bangkok laurdag 9. jan. Siam Bike Tours er dreve av to sveitserar, Martin og Kurt. Elles var det deltakarar frå Luxemburg, Austerike, Tyskland, Canada og meg.
Neste morgon blei vi kjørte ut av Bangkok by til Phetchaburi. Her sto syklane ferdig lina opp og alt ferdig og klargjort av Chain - sjåfør og Rudy - servicemann.
Vi starta sydover i rolig tempo gjennom rismarker og jordbruksland og kom fram til Hua Hin utpå ettermiddagen. Gjengen var i alder frå 41 til 61, ei dame og det var relativt stor spredning på sykkelferdigheitene.
Dei neste dagane sykkla vi sørover langs austkysten mot Gulfen, vi budde på flotte Beach Resort, her var det ingen pakketuristar. Vi var innom to flotte Budisttempel i byane der vi overnatta. Vi brukte ettermiddagane til masasje, bading og soling. Thailandsk mat er det beste eg får, smakfull og masse gode grønsaker. Vi såg apekattar, vannbøflar, elefantar, fargerike fiskebåtar og små fine fiskelandsbyar. Folk vinkar og smiler til oss langs vegen. Vi sykla i snitt 110 km pr dag (9 dagar) med 2 til 3 pausar undervegs. Deler av dagen delte vi gruppa i to, ei rask- og ei med roligare tempo.
Etter Chupohon kryssa vi vestover mot Ranong som ligg på vestsida mot Andaman havet. Her skifta terrenget til meir bølgande landskap, små åsar og dalar, grønt og frodig. Dei siste kilometrane inn til Kata Beach var som den reinaste Tour de France stil, folk klappa og vinka og ein storleg fornøgd gjeng rulla inn til butikken til Siam Bike Tours.
Dette vil eg gjera igjen, så sykkelvener; denne opplevelsen har eg gjerne lyst å dela med dåke. Dette må berre opplevast!
No reiser eg vidare til Bangkok (igjen) for så å setja kursen mot Australia, trur eg...

fredag 8. januar 2010

Bilder


Hei og hopp!
Jeg har nå fått en hel masse bilder fra Børre. Likte spesielt godt dette av pappa som smører solkrem på sine nyvoksede legger :D
Snakket med Sjur i går og med hans ord er han i paradis! Han kommer til å sende meg noen nye innlegg når hans ti-dagers sykkeltur gjennom Thailand er over.

-Maren:)

Sykkel og dykking


Tilfeldig kom eg forbi Siam Bike Tours på Kata Beach. Eg fekk låna sykkel og hadde to dagar på sykkelsetet rundt Phuket. Flotte forhold, bra veistandard, hensynsfull trafikk og fint landskap. Dette gav meirsmak, eg meldte meg på ein 10 dagers sykkeltur frå Bangkok til Phuket, 900 km. Meir om denne seinare.....
Børre og eg sette oss paa ein båt til Phi Phi Don øya. Kjempeflott øy, men masse turistar oversøymer øya. Kapasiteten på overnatting, vatn, renovasjon etc er sprengt. Vi hadde ein dag ute med Island Divers dykkebåt. Vi fekk to fine dykk rundt den sydlige PP øya. Vi fekk med oss hai, skilpadde og fiskar i alle fasongar og fargar. Avreisedagen sprutregna det, vi frykta ein fuktig retur til Phuket, men plutselig klarna det opp og dagen blei fin.
No sit eg på flyplassen I Phuket og håpar på å koma med ein flight til BKK.

Godt nytt år!



Dei første dagane her i Phuket er ein fersking og alle ser det lang vei. Vi var antageleg dei to bleikaste på stranda denne dagen. Gateselgarane og kjøpedamene var definitivt mest pågåande på oss ferske, lettlurte bleikansikt.
Vi feiera nyttårsafta på ein god restaurant på Patong Beach, tigerprawns, champagne og cognac. Vi opplevde eit fantastisk fyrverkeri og ein kjempefest på beachen. Godt Nytt År til alle mine lesarar!

Min reisepartner


Min gode kamerat Børre og eg er vel framme i Bangkok etter ein behagelig flygning med Thai Airways. Vi hoppa på første fly fraa BKK til Phuket to timar etter landing. Børre og eg har vore kolegaer i same selskap i 23 år. Han er blitt så gamal at han fekk tilbud og valgte å gå av med førtidspensjon pga overtallighet av pilotar. Børre bur i Bærum og driv småbruk og fiske i Vesterålen når han har tid. Vi skal feriera i 10 dagar saman før vi skiller lag.