mandag 29. mars 2010

Formula 1, Melbourne

Dette er noko av det kuulaste eg har opplevd; 2010 FORMULA 1 QUANTAS AUSTRALIAN GRAND PRIX. For eit lydnivaa, fart og spenning!
Eg tok turen til Melbourne for aa bivaana dette sirkuset. Quantas ned og Virgin paa returen, ca 1 times flytur. Byen syda av liv, det var Grand Prix, Humorfestival, Vin og Matfestival, pluss endaa nokre store arrangement. Melbourne har meir kultur og sjarm enn Sydney. Om Sydney har mange gode restaurantar, saa har Melbourne endaa fleire og betre (?) Kollektiv-rutenettet er langt betre, traffikken ikkje saa agresiv og det er langt betre tilrettelagt for syklistar.
Fredagen oppsoekte eg Oxford Aviation Academy, ein avdeling av ex-SAS Flight Academy. Dette er Australias stoerste flyskule for nye pilotar, dei tek inn ca 100 nye elevar kvart aar.
Laurdagen var eg i Albert Park heile dagen, eg kjoepte plass paa Schumacher-tribunen, i sving 15. Det var tett program, Formel 5000, Formel Ford, V8 Supercars, GT Championship, Mini (Cooper) Challenge Serie, pluss; flyshow av Blackhawk helikopter og F-18 fraa RAAF. Eg fekk med meg 3. treningsrunde og Qualifying session av Formel 1. Det var saa raatt at eg fekk gaasehud og haaret paa armane reiste seg i rein begeistring. Jenson Button vann i sin Vodafone McLaren Mercedes. Banen er ca 5300 meter, denne blaaser dei rundt paa ca 1:25, snittfart paa ca 220 km/t !!

No har eg faatt besoek av min gode ven Oeivind Ramstad, vi skal no ut paa middag. Torsdag reiser vi til Bangkok, vi har planar for aa sykla ein 10 dagars runde i Thailand og Cambodia.
Meir om denne seinare ....

fredag 19. mars 2010

Great Barrier Reef

Daa er eg tilbake i Sydney etter ei veke i Queensland. Eg tok Quantas, B767, til Brisbane, hoppa inn i ein leigebil og blaaste opp til Gladstone. (Rask bil, Ford RX6) Gladstone ligg 540 km nord av Brisbane og tett paa soerlige vendesirkel.

Dagen etter tok eg katamaran ut til Heron Island (45nm). Fantastisk fin lita oey, kvit sandstrand, tett vegitasjon, utruleg fugleliv, omkrinsa av korallrev og eit yrande liv under overflata. Paa oeya var det eit hotell med bungalowar og eit marint / ornitologisk (fugle) forskningssenter.
Det er nesten 4 meter skilnad paa flo og fjaere. Ved flo sjoe kjem dei stoerre fiskane og haiane inn over/bak revet og inn mot stranda. Havet var saapass uroleg at alle dykketurar var innstilte. Men det var supert aa snorkla inne bak revet. Eg symde saa tett paa hai, leopard-hai lengre enn meg sjoelv, at eg kunne ta paa dei. Ein fantastisk opplevelse. Elles; fiskar i alle fargar, stingray og skilpadder.
Syklonen "Ului", cat 3, var paa vei mot oeya, saa vi vart informerte om at alle gjester ville bli evakuerte dagen etter. Ingen dramatikk, eg skulle tilbake alikevel. Men media moette opp paa kaien i Gladstonefor aa laga innslag til nyheitssendingane.
Maten var fantastisk ute paa hotellet, som norsk hoegfjellshotell-bufe`, men med eit anna utvalg, masse nydeleg skaldyr og fisk. Eg moette fire glade ungdommar fraa Danmark paa baaten, dei hadde hatt arbeid paa ein mjoelkefarm utanfor Perth i 5 mnd, og no reiste dei rundt i Australia foer dei skulle heim att til Fyn.

Tilbake i Gladstone tok eg kontakt med eit venepar av (soester)Idunn og Rune. Dei segla gjennom Stillhavet saman for eit par aar sidan. Eg vart invitert heim til dei og eg vart traktert paa beste maate. Eg fekk seng, mat og omvisning i byen.
Eg gjorde ein stopp i ein triveleg liten by, Gympie, paa veg tilbake til Brisbane. Virgin B737 tilbake til Sydney.

torsdag 11. mars 2010

Egil "Karbon" Karlsen


No har eg hatt besoek av min gode ven Egil i 10 dagar. Vi har hatt tett program kvar dag, sightseeing og fysiske utfordringar. Vi har vore paa; Operaen, Bondi- og Manly Beach, akvariet og dyreparken i Darling Harbour, Fiskemarkedet (verdens nest stoerste etter Tokyo) og i toppen paa Center Point Tower (309m).
Vi tok toget til Cronulla, ferge til Bundeena for aa gaa kyststien i Royal National Park. Vi spaserte langs fantastiske strender, hoege klipper og gjennom tett regnskog. Daa vi etter 12 timar kom fram til hotellet i Helensburg var vi slitne og toerste, begge hadde gnagsaar og vi var klare for ein dusj. Men hotellet var fult - ... det var langt til naermaste togstasjon og taxi fans ikkje i mils omkrets. Vi fekk tommel-haik med ein triveleg ungdom som skyssa oss til Heathcote. Paa motellet i bygda fekk vi baade drikke, middag og seng. Herlig!
Vi vart invitert med paa rugbykamp saman med Stu fraa NZ, kameraten min paa sykkelbutikken. Brutale taklingar og god stemning blant 22.000 tilskodarar. Sydney-laget vann mot eit Soer Afrikansk lag.
Eine dagen sykla vi traseen min i Eastern Suburbs. Centennial Park, Bondi, Watson Bay, Maroubra og Malabar. Midtveis stoppa vi og tok lunch, grilla sverdfisk, paa favoritt cafeen min paa La Perouse, nydelig!
Vi leigde oss bil og kjoerte opp i Blue Mountains. Lett regn og lav stratus hindra den store utsikten fraa Echo Point ved Katoomba. Vi fortsette vidare til Jenolan Caves House, der vi overnatta. Eit fantastisk flott eldre (1914) hotell som laag like ved dei store grottene som er med i FN's Verdensarv. Neste morgon tok vi foerste omvisning i Tempel of Baal, storslaatt og imponerande! Vi kjoerte via Norway (?) og Oberon tilbake til Sydney.

Takk for besoeket og god tur heim att Egil.