onsdag 20. januar 2010

Cycling across Thailand



Naturen, folket, lukter, lydar, maten og ein flott gjeng syklistar som eg har lært å kjenna har gjort denne sykkelturen til ei fantastisk opplevelse.
Vi var 10 forventningsfulle deltakarar som møtte til briefing i Bangkok laurdag 9. jan. Siam Bike Tours er dreve av to sveitserar, Martin og Kurt. Elles var det deltakarar frå Luxemburg, Austerike, Tyskland, Canada og meg.
Neste morgon blei vi kjørte ut av Bangkok by til Phetchaburi. Her sto syklane ferdig lina opp og alt ferdig og klargjort av Chain - sjåfør og Rudy - servicemann.
Vi starta sydover i rolig tempo gjennom rismarker og jordbruksland og kom fram til Hua Hin utpå ettermiddagen. Gjengen var i alder frå 41 til 61, ei dame og det var relativt stor spredning på sykkelferdigheitene.
Dei neste dagane sykkla vi sørover langs austkysten mot Gulfen, vi budde på flotte Beach Resort, her var det ingen pakketuristar. Vi var innom to flotte Budisttempel i byane der vi overnatta. Vi brukte ettermiddagane til masasje, bading og soling. Thailandsk mat er det beste eg får, smakfull og masse gode grønsaker. Vi såg apekattar, vannbøflar, elefantar, fargerike fiskebåtar og små fine fiskelandsbyar. Folk vinkar og smiler til oss langs vegen. Vi sykla i snitt 110 km pr dag (9 dagar) med 2 til 3 pausar undervegs. Deler av dagen delte vi gruppa i to, ei rask- og ei med roligare tempo.
Etter Chupohon kryssa vi vestover mot Ranong som ligg på vestsida mot Andaman havet. Her skifta terrenget til meir bølgande landskap, små åsar og dalar, grønt og frodig. Dei siste kilometrane inn til Kata Beach var som den reinaste Tour de France stil, folk klappa og vinka og ein storleg fornøgd gjeng rulla inn til butikken til Siam Bike Tours.
Dette vil eg gjera igjen, så sykkelvener; denne opplevelsen har eg gjerne lyst å dela med dåke. Dette må berre opplevast!
No reiser eg vidare til Bangkok (igjen) for så å setja kursen mot Australia, trur eg...

1 kommentar: