Laurdag kveld 23.jan. landa eg på Kingsford Smith Airport, Sydney. På hotellet venta min gode ven Espen, han var i Sydney i embets medfør. Dei neste dagane rusla vi rundt i den vakraste byen i verda (?). Operahuset ligg midt i havna og i bykjernen, den er eit fantastisk flott landemerke. Vi tok ferja ut til Manly Beach, ikkje så kjent som Bondi Beach, men like fin. Sjølv med back packers budget tok vi oss råd til nokre gode restaurantbesøk.
Det er lett å koma i kontakt med dei lokale. Australia hadde nationaldag den 26. jan., då vart vi invitert på Aussie Barbeque saman med nokre aussiar vi traff kvelden før.
No har eg kjøpt sykkel, ein hybridsykkel med demping framme. Eg har hatt to flotte sykkelturar i Sydney og omliggjande utkantstøk. I går var eg innom Bondi Beach og tok meg ein iskaffi, sykla så vidare ut til Watson Bay der eg hadde lunch.
Etter eit par netter på hotell, leiger eg no eit rom i eit kollektiv, oppå eit treningsstudio i utkanten av byen.
Eg innhentar info for vidare reiserute, landet er stort og råda eg får er like mange som dei eg snakkar med. Så fylg med i neste kapittel!
du gikk glipp av en 12timers baccalaofest hos torkjell med 40 av rosendalsfiffens 50åringer
SvarSlettDin gode venn Espen skriver du i bloggen din. Men det er to bilder her, så jeg lurer på hvem av disse to som er Espen - han med rødt hår eller han med stadig tynnere hår og større mage? God tur videre! Jeg skal følge med! Hallvard
SvarSlett