fredag 19. mars 2010

Great Barrier Reef

Daa er eg tilbake i Sydney etter ei veke i Queensland. Eg tok Quantas, B767, til Brisbane, hoppa inn i ein leigebil og blaaste opp til Gladstone. (Rask bil, Ford RX6) Gladstone ligg 540 km nord av Brisbane og tett paa soerlige vendesirkel.

Dagen etter tok eg katamaran ut til Heron Island (45nm). Fantastisk fin lita oey, kvit sandstrand, tett vegitasjon, utruleg fugleliv, omkrinsa av korallrev og eit yrande liv under overflata. Paa oeya var det eit hotell med bungalowar og eit marint / ornitologisk (fugle) forskningssenter.
Det er nesten 4 meter skilnad paa flo og fjaere. Ved flo sjoe kjem dei stoerre fiskane og haiane inn over/bak revet og inn mot stranda. Havet var saapass uroleg at alle dykketurar var innstilte. Men det var supert aa snorkla inne bak revet. Eg symde saa tett paa hai, leopard-hai lengre enn meg sjoelv, at eg kunne ta paa dei. Ein fantastisk opplevelse. Elles; fiskar i alle fargar, stingray og skilpadder.
Syklonen "Ului", cat 3, var paa vei mot oeya, saa vi vart informerte om at alle gjester ville bli evakuerte dagen etter. Ingen dramatikk, eg skulle tilbake alikevel. Men media moette opp paa kaien i Gladstonefor aa laga innslag til nyheitssendingane.
Maten var fantastisk ute paa hotellet, som norsk hoegfjellshotell-bufe`, men med eit anna utvalg, masse nydeleg skaldyr og fisk. Eg moette fire glade ungdommar fraa Danmark paa baaten, dei hadde hatt arbeid paa ein mjoelkefarm utanfor Perth i 5 mnd, og no reiste dei rundt i Australia foer dei skulle heim att til Fyn.

Tilbake i Gladstone tok eg kontakt med eit venepar av (soester)Idunn og Rune. Dei segla gjennom Stillhavet saman for eit par aar sidan. Eg vart invitert heim til dei og eg vart traktert paa beste maate. Eg fekk seng, mat og omvisning i byen.
Eg gjorde ein stopp i ein triveleg liten by, Gympie, paa veg tilbake til Brisbane. Virgin B737 tilbake til Sydney.

1 kommentar: