onsdag 14. april 2010

På sykkel gjennom Thailand

Då er nok ein fantastisk sykkeltur over. Vi var 7 deltakarar, 2 sykkelguidar og 2 servicemenn som starta ut ved Khao Yai National Park, ca 200 km nordaust av Bangkok. Vi sykla ein flott trase gjennom jungelkledde åsar på god asfalt og med lite trafikk, perfekte forhold! Vi trilla vidare dei neste dagane gjennom rismarker, gummiplantasjar, eukaluptusskogar, annanasplantasjar og landsbyar. Alltid smilande og blide thailendarar som vika til oss langs vegen.
Fjerde dagen kom vi til grensa til Cambodia ved Poipet. Vi brukte nesten to timar med gamaldags papir og visa søknad før vi fekk stempel med Kingdom of Cambodia i passet. Store kontrastar, stor fattigdom prega første inntrykket, men samtidig store prangande fasadar på Hotell og Casinoane i byen. Her er gambling lovleg, så thailendarar og kinersarar reiser over grensa for å spela bort pengane sine. Eg vann 10.000 bt på rulett, då gav eg meg og casha inn gevinsten.
6. dagen tok vi ferge over til Ko Chang, heilt sydaust. Øya er den nest største i Thailand. Her er det mange turistar, men ikkje den type charterturisme som vi ser på Phuket. Vi hadde ein kviledag frå sykkelsetet, så vi fekk to netter på den vakre øya. Vi bada og tok oss tid til å vera turistar ein heil dag, herlig.
Det var relativt varmt, vel 40 grader midt på dagen, så vi sleit litt med varmen då sola sto på det høgaste. Det er viktig å drikka rikeleg og vi fekk etterfylt drikkeflaskene fleire gonger om dagen.
Dag 9 trilla vi inn på eit fint beach resort like utanfor byen Rayong, dette var endestasjonen på sykkelturen. Det var meininga at vi skulle overnatte, men Øivind var veldig lysten på å reisa heim, han skulle på jobb den 16. april. Vi tok farvell med sykkelvenene våre, pakka sakene våre og fekk skyss med sjåføren vår til Suvarnabhumi flyplass, Bangkok. Derifrå 11 timar flytur heim til eit flott land i vårstemning.

Det er godt å koma heim til Norge, no gleder eg meg til å helsa på familie og vener!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar