tirsdag 23. februar 2010

New Zealand

Eg er no tilbake i Sydney etter 10 fine dagar paa New Zealand. Eg flaug med Lan Chile, A340, over til Auckland 14. feb. Auckland er ein fin by, 1.4 mill. innbyggjarar, stor flott havn, saag den stoerste einmastra seglaren eg har sett, 190 ft!
Eg vart invitert paa fisketur med kjente av kollektiv-veninna mi, vi fiska med stong fraa stranda med ankersoekke. Ikkje bet, men Stefan hadde fisk med paa fisketur, vi varmroeykte laksen paa beachen, nydeleg. Sanden var svart, gamal lava, flott opplevelse.
Vest av Auckland ligg ei 90kvkm stor oey; Waiheke, 40 min fergetur, ferie- og vinproduksjon er hovednaeringa. Hadde to flotte dagar med kajaktur, vinsmaking og bading paa holmen.
NZ er stoerre enn eg trudde..., leigde bil, sette kursen mot hovedstaden Wellington. 9 timar bak rattet foer eg var syd paa den Nordlige oeya.
Mellom Nord- og Soeroeya gaar det store ferger, type Hurtigruta, det tok 3 timar over til Picton. Store boelger i deler av overfarten, nokre pax maatte mata krabben. Hadde to mindre fjellturar i Mt Richmond nat. park, Flott natur, liknar Norge paa mange maatar, men vegitasjonen er ulik. Eit av dei beste (det beste ?) vindistrikta paa NZ heiter Marlborough . Eg var innom to av dei flottaste vingardane for aa smaka paa dei foredla druene, "divine", som dei seier paa spraaket her nede.
Eg moette 6 ungdommar fraa Smaaland (Sverige) paa ein Irsk bar i Picton siste kvelden. Live music, dram og oel, fuktig .. Ungdomane jobba paa store farmar paa Nordoeya. Tilbake paa Nordoeya overnatta eg hos vener av familien min, eit eldre ektepar, kona er fraa Stavanger og han er Kiwi, serdeles trivelig, dei hadde brunost paa frukostbodet!
Neste dag; full pedall nordover paa fine vegar til Auckland. Tirsdag 23. passerte eg det Tasmanske hav med Jet Star, A320.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar